Det hende i 2012

02.jan
48 000 aksjeselskap har registrert fråval av revisjon

Innan årsskiftet hadde rundt 48 000 aksjeselskap nytta seg av høvet til å velje bort revisjon av årsrekneskapen for 2011. Brønnøysundregistra behandla over 30 000 slike saker i løpet av dei to siste månadene i 2011.

16.mar
Suksess for informasjonsportal

Samordninga av informasjonsportalar i Altinn har vore vellukka. Sidene som gir hjelp og rettleiing til små og mellomstore bedrifter blir brukt av langt fleire etter at dei blei samla i seksjonen «Starte og drive bedrift» på altinn.no.
 

20.mar
Alvorleg feil i Altinn

På grunn av ein feil opplevde brukarar å sjå eit skjermbilete som tilhøyrde ein annan person enn seg sjølv.
 

 

29.mar
No kan du melde fleire endringar elektronisk

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire elektroniske tenester som gjer kvardagen lettare for deg som brukar. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap gjennom Altinn.

 

21.mai
Rekneskapsregisteret blir heil-elektronisk

Rekneskapsregisteret slutta å sende vedtak om godkjend årsrekneskap per post til einingar som har levert årsrekneskapen via Altinn. Frå no av blir breva sende til meldingsboksen i Altinn.

01.jun
Narviktelefonene byter namn

Den offentlege telefontenesta «Narviktelefonene» endra frå 1. juni namn til «Bedriftsrettleiing». Telefonnummeret blir behalde: 800 33 840. Telefontenesta er eit supplement til nettenesta Altinn/Starte og drive bedrift. Målet med tenesta er å gjere det enklare å starte og drive bedrift i Noreg.
 

11.jun
Leverer oversikt over tidlegare leiar- og styreroller

Hos Brønnøysundregistra kan du no bestille oversikt over roller som personar tidlegare har hatt i næringslivet. Det betyr blant anna større openheit rundt tidlegare leiar- og styreroller i næringslivet.
 

27.jun
Brukarane ønskjer sterkare involvering

Brukarinvolvering var det sentrale temaet under Brønnøysundregistra sitt brukarforum 19. og 20. juni. På bakgrunn av vårens utfordringar i Altinn var det naturleg at fleire av brukarrepresentantane hadde spørsmål til brukarinvolveringa i Altinn. Fleire av dei største brukargruppene var representerte, og dei kom med tydelege tilbakemeldingar frå medlemene sine.
 

 

20.aug
Opne og offentlege data gir effektivitet i næringslivet

Tilgang til offentlege opplysningar frå eit uavhengig register ein kan stole på, medverkar til effektivitet i norsk næringsliv. Frå Føretaks- og Einingsregisteret får du tilgang til offisielle data om dei du handlar med. I tillegg kan andre finne opplysningar om føretaket ditt og om korleis dei kjem i kontakt med deg.
 

29.aug
Framleis høg tillit til Altinn

Næringslivet har framleis høg tillit til Altinn, trass i nokre alvorlege driftshendingar dei siste par åra. 94 prosent av daglege leiarar ønskjer alle offentlege skjema inn i Altinn.
 

30.sep
Nytt og moderne bygg for Brønnøysundregistra

Nærings- og handelsminister Trond Giske fortalde under gjestinga si 30. september at regjeringa sin visjon er eit nytt og moderne bygg for Brønnøysundregistra.
 

27.sep
Nordic eGovernment Conference 2012

Onsdag 26. og torsdag 27. september arrangerte Brønnøysundregistra Nordic eGovernment Conference 2012, med seksti deltakarar.
 

27.sep
Avskjed med direktøren

Avtroppande direktør Erik Fossum blei heidra for den store og mangeårige innsatsen sin for samarbeid på tvers av etatar og landegrenser.
 

17.okt
Auka medvit om klart språk

Miniprosjektet «Klart språk ved Brønnøysundregistra» har gitt oss nye retningsliner for skriving av brev. I kjølvatnet av prosjektet er det sett i verk fleire klarspråktiltak rundt om i organisasjonen.
 

25.nov
Matrikkelen - det offisielle adresseregisteret

Med bakgrunn i at matrikkelen er landet sitt offisielle register for adresse, tek no Einingsregisteret og Føretaksregisteret i bruk adressedata frå matrikkelen. Vi gjer dette for å sikre bruk av offisiell skrivemåte på registrerte gate-/veinamn - og oppdatering dersom for eksempel gate-/veinamn blir endra.

Brønnøysundregistra
tracking