Hovudoppgåvene våre

Næringsliv, myndigheiter og innbyggjarar er avhengige av å samhandle med kvarandre kvar einaste dag. Ein føresetnad for at dette skal skje på ein trygg og effektiv måte, er at vi alle har tillit til at det finst orden og oversikt over økonomiske ansvarstilhøve i Noreg. Det er Brønnøysundregistra som sikrar denne oversikta.

Akvakulturregisteret

Akvakulturregisteret innheld ei oversikt over akvakulturløyver og ein del vesentlege vedtak knytt til desse. Det inneheld også ei oversikt over overføringar, pantsettingar og andre rettar som er tinglyste på løyvene.

Alternativ behandling

Registeret for utøvarar av alternativ behandling er viktig for alle som treng opplysningar om registrerte utøvarar og om utøvarorganisasjonar.

Altinn

Altinn er ei felles løysing for elektronisk dialog mellom næringsdrivande og offentlege myndigheiter. Næringsdrivande kan sende inn skjema gjennom nettportalen eller direkte frå verksemda sine datasystem, og dei offentlege verksemdene kan sende meldingar attende. Altinn blir forvalta av Brønnøysundregistra.

EMAS


EMAS- Eco-Managemant and Audit Scheme – er ei frivillig ordning for miljøregistrering av verksemder i EU som betyr at verksemda går lenger i miljøarbeidet sitt enn det som er lovfesta. Gjennom EØS-avtalen kan og norske verksemder vere med i ordninga.

Einingsregisteret


Registeret samordnar opplysningar om næringslivet og offentlege etatar som finst i ulike offentlege registre, og som er gjengangarar på spørjeskjema, og sørgjer for at opplysningane blir samla på ein stad.

Ektepaktregisteret


Registeret inneheld avtalar mellom ektefeller som regulerer formuestilhøve på andre måtar enn det som automatisk følgjer av lovverket. For at ektepakta skal få rettsvern andsynes eventuelle kreditorar, må ho tinglysast i Ektepaktregisteret.

European Business Register


European Business Register (EBR) er eit europeisk nettverk for utveksling av føretaksopplysningar. EBR gjer offisiell informasjon om europeiske selskap tilgjengeleg online over heile Europa, på tvers av barrierar som kan oppstå som følgje av ulike språk, teknologi, lovgjeving og liknande.

Føretaksregisteret


Registeret har ansvaret for registrering av alle norske og utanlandske føretak i Noreg. Registeret skal sikre rettsvern og økonomisk oversikt. Alle næringsdrivande føretak pliktar å registrere seg i Føretaksregisteret.

Frivilligregisteret


Registeret skal betre og forenkle samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter. Registeret skal også sikre systematisk informasjon som kan styrke legitimiteten til og kunnskapen om den frivillige aktiviteten og leggje til rette for den offentlege politikken andsynes frivillig sektor.


Gebyrsentralen


Oppgåva til Gebyrsentralen er å registrere og fakturere bilag som grunnlag for føring av rekneskap og krevje inn gebyr til staten. Det gjeld gebyr for tvangssal, utleggsforretningar og andre tvangsforretningar som blir utførte av lensmenn og byfogdar.

Gjeldsordningsregisteret


Registeret inneheld opplysningar om kven som har fått innvilga gjeldsforhandlingar og gjeldsordningar. Det inneheld også opplysningar om kor i saksbehandlingsprosessen ei sak er.

Jegerregisteret


Eit register over personar som har kvalifisert seg til å drive jakt i Noreg, og ei oversikt over kven av dei registrerte jegerane som har betalt jegeravgifta. Jegerregisteret inneheld også opplysningar om personar som er frådømd jaktrett for kortare eller lengre tid.

Konkursregisteret


Konkursregisteret inneheld opplysningar om konkursbo og tvangsavviklingsbo. Registeret inneheld sentrale opplysningar om kvart bu, blant anna kven som er eller har vore dagleg leiar, styreleiar og revisor i eit konkursramma føretak, og om styreleiar, dagleg leiar eller innehavar har roller i andre føretak på tidspunktet for konkursopning.


Lotteriregisteret


Lotteriregisteret er eit landsdekkjande register og saksbehandlings- og arkivsystem for forvalting av lotterimarknaden i Noreg. Det er Lotteritilsynet i Førde som har ansvaret for Lotteriregisteret, i samarbeid med Politiet, men registeret blir drifta frå Brønnøysundregistra.

Lausøyreregisteret


Lausøyreregisteret er et tinglysingsregister for rettar og pant i lausøyre. Ei tinglysing medfører at retten eller pantet blir registrert som hefting på den personen eller det føretaket pantekravet rettar seg mot. Tinglysing gir rettsvern andsynes kreditorar.

Oppgåveregisteret


Hovudoppgåva til Oppgåveregisteret er å halde løpande oversikt over næringslivet sine oppgåveplikter til det offentlege, og å finne høve til samordning og forenkling. Målet er å hindre overflødig innsamling og registrering av opplysningar, særleg med hensyn til små og mellomstore verksemder.

Partiregisteret


Partiregisteret er eit register over politiske parti. Hovudmålet med registerordninga er å gi politiske parti høve til å skaffe seg einerett til et partinamn. Registreringen i Partiregisteret dannar grunnlag for kven som kan representere partiet andsynes valmyndigheitene.


Rekneskapsregisteret


Rekneskapsregisteret er den viktigaste datakjelda for alle som ønskjer å orientere seg om den økonomiske tilstanden i norsk næringsliv. Innsendingspliktige føretak skal kvart år sende inn årsrekneskap, årsberetning og revisjonsberetning innan ein månad etter at det er vedtatt. Målet med ordninga er å sikre økonomisk tryggleik og effektivitet.

Reservasjonsregisteret

Reservasjonsregisteret skal gjere det enklare for privatpersonar å reservere seg mot at adressene deira blir brukt til adressert reklame i posten eller til telefonsal.

Brønnøysundregistra
tracking