Altinn skaper verdiar

Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.

Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013

Tid er pengar heiter det, og i 2012, som årene før, bekrefta storparten av norske bedriftsleiarar at deira bedrift sparer tid på bruk av Altinn.

I bedriftene vert det blant anna nytta mindre tid på å fylle ut skjema, det er betre arbeidsflyt mellom bedrifter og revisorar, og dei nytter mykje mindre tid på å sende og få skjema i retur. Ei undersøking blant bedriftseigarar i landet, syner at 94 prosent ønskjer å finne alle offentlege skjema i Altinn.

Lovpålagt rapportering kostar kvart år norske bedrifter 54 milliardar kroner, eit tal som skal reduserast med ti milliardar kroner, i fylgje regjeringa. Altinn er, som ei digital løysing, del av forenklingsarbeidet som gir innsparing, og på denne måten større gevinst til bedriftene.
Sidan starten i 2003 har 80 millionar digitale skjema og 36 millionar meldingar passert meldingsboksen til Altinn. Per utgangen av 2012 innehaldt Altinn 424 digitale skjema og tenester som hele 3,4 millionar unike brukarar har logga seg inn for å bruke.


 

 

Stor pågang for Altinn

20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.

Hjelp til etablerarar

«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.

Forenklingar gir fleire AS og færre NUF

I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.

Fleire opplysningar tilgjengelege

Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.

Du kan melde meir på nettet

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.

Opne data om ein million einingar

– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.

Bank og finans set fart i digitaliseringa

Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.

Norden samla i Brønnøysund

I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera. 

Statsråden kom med bod om nybygg

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.
Brønnøysundregistra
tracking