Hjelp til etablerarar

«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.

Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013

Informasjonssidene «Starte og drive bedrift» opna i november 2011, og fikk raskt stor trafikk, heile 3,9 millionar gongar klikka brukarar seg inn på sidene i fjor.

 

Sidene gir informasjon og støtte til dei som skal etablere ny bedrift, og den største delen av trafikken går inn på emne innan startfasen. Her finn nye føretakseigarar korleis ein skal førebu start, velje organisasjonsform og registrere føretaket. Men mange vil ha informasjon prosessen vidare, og finn emne om sjølve drifta av føretaka.

Malar
Ei av dei mest populære tenestene på Starte og drive bedrift i 2012 var lasting av dokumentmalar. Desse malane handlar om ei rekkje ulike område som er viktig innan drift, som økonomiske nøkkeltal, forretningsplanar, aksjonæravtale, stillingsinstruksar og korleis gjere intervju for tilsetting. Alle som ønskjer det, kan laste ned desse malane, og bruke dei i den daglege drifta.
Starte og drive bedrift er eit samarbeid mellom fleire etatar. Mellom anna Skatteetaten og NAV legg ut informasjon på sidene.

 

Stor pågang for Altinn

20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.

Altinn skaper verdiar

Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.

Forenklingar gir fleire AS og færre NUF

I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.

Fleire opplysningar tilgjengelege

Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.

Du kan melde meir på nettet

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.

Opne data om ein million einingar

– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.

Bank og finans set fart i digitaliseringa

Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.

Norden samla i Brønnøysund

I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera. 

Statsråden kom med bod om nybygg

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.
Brønnøysundregistra
tracking