Forenklingar gir fleire AS og færre NUF
I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.
Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013
Sida 1. mai 2011 har små aksjeselskap kunna velje at årsrekneskapane deira ikkje skal reviderast. 66 prosent av aksjeselskapa som blei registrerte i 2012 nytta seg av dette høvet.
I tillegg blei minstekravet til aksjekapital i AS redusert til 30 000 kroner 1. januar 2012. Talet på nye aksjeselskap auka frå 16 249 i 2011 til 25 614 i 2012. Auken viser at forenklingstiltaka har stimulert til auka nyskaping og fleire nyetableringar, i tråd med regjeringa sine mål.
Det har også vore eit mål å gjere den norske aksjeselskapsforma meir konkurransedyktig med sikte på å redusere bruken av utanlandske selskapsformer. I 2012 blei det registrert 1 513 NUF (norskregistrert utanlandsk føretak), noko som er meir enn ei halvering i forhold til 2011. Også det totale talet på NUF fortset å søkke. Bestanden av NUF var ved utgangen av året 14 570, mens det tilsvarande talet for 2011 var 17 184.
20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.
«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.
Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.
Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.
Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.
– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.
Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.
I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera.
Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.