Bank og finans set fart i digitaliseringa

Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.

Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013

Delen av elektroniske registreringar ved Lausøyreregisteret låg i 2012 på om lag 20 prosent, med nærmare 490 000 behandla dokument.

Det er venta at delen av elektronisk saksbehandling vil auke med ytterlegare 20 prosent i 2013.

Lausøyreavdelinga sine løysingar er klare til å ta imot og behandle elektroniske dokument i stort omfang, men hittil har utviklinga med auka bruk av elektroniske dokument gått tregare i samfunnet enn vi ved Brønnøysundregistra har venta. Dette gjeld særleg innan behandling av lån, noko som har stor vekt for oppgåvene ved Lausøyreregisteret.

Bank- og finanssektoren jobbar hardt med å få sett fart på den elektroniske behandlinga si, både når det gjeld opptak og sletting av lån. Blant anna er det i gang eit arbeid for å få gjort endring i tvangsfullføringslova, slik at fysisk og elektronisk signatur blir likestilt. Så snart dette er på plass, vil det kome ein monaleg auke av elektroniske dokument til behandling i Lausøyreregisteret.

Stor pågang for Altinn

20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.

Hjelp til etablerarar

«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.

Altinn skaper verdiar

Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.

Forenklingar gir fleire AS og færre NUF

I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.

Fleire opplysningar tilgjengelege

Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.

Du kan melde meir på nettet

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.

Opne data om ein million einingar

– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.

Norden samla i Brønnøysund

I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera. 

Statsråden kom med bod om nybygg

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.
Brønnøysundregistra
tracking