Norden samla i Brønnøysund

I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera. 

Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013

alt

Nordisk eForvaltningskonferanse (bildet) rettar seg mot leiarar og andre med strategiske oppgåver innan eForvaltning i Norden. Tema dette året var blant anna opne data, felleskomponentar og brukskvalitet. Dette samla 65 deltakarar frå Sverige, Danmark, Noreg og Finland i to dagar i Brønnøysund, der kvart land presenterte måten dei jobbar på.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane etter konferansen, og dei seier at dette er blitt ein god arena, fortel Hilde Kristin Storvig frå Brønnøysundregistra. 

Festmiddagen under konferansen vart òg nytta av deltakarane til ei markering for Brønnøysundregistra sin direktør, Erik Fossum, som gjekk av med pensjon nokre dagar etter konferansen.

 

Stor pågang for Altinn

20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.

Hjelp til etablerarar

«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.

Altinn skaper verdiar

Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.

Forenklingar gir fleire AS og færre NUF

I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.

Fleire opplysningar tilgjengelege

Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.

Du kan melde meir på nettet

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.

Opne data om ein million einingar

– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.

Bank og finans set fart i digitaliseringa

Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.

Statsråden kom med bod om nybygg

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.
Brønnøysundregistra
tracking