Opne data om ein million einingar

– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.

Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013

 Server. Foto: Bo Mathisen– Dette er ein milestolpe i arbeidet med å gjere opne offentlege data tilgjengelege i Noreg, sa dåverande direktør ved Brønnøysundregistra, Erik Fossum, då vi i juni gjorde desse dataa tilgjengelege i Difi sitt datahotell.

Einingsregisteret har opplysningar om næringslivet, frivillige organisasjonar og offentlege etatar som finst i ulike offentlege register. Enkeltpersonføretak og aksjeselskap utgjer omtrent 80 prosent av einingane.

Dette blei gjort tilgjengeleg
Datasettet frå Einingsregisteret inneheldt desse elementa:

   ● organisasjonsnummer

   ● namn

   ● organisasjonsform

   ● adresse

   ● informasjon om eininga er registrert i Føretaksregisteret eller ikkje

I ettertid har enda fleire opne data blitt tilgjengelege. Dette gjer at brukarane både kan spare pengar og auke verdiskapinga si.

Opne opplysningar
Opplysningar frå Einingsregisteret har lenge vore tilgjengelege gjennom oppslagstenester på Brønnøysundregistra sin nettstad. Det har også vore mogeleg å få tilgang til oversikter frå Einingsregisteret, men då mot eit gebyr.

Oversikta som no blei gjort tilgjengeleg gjennom Datahotellet var eit utdrag som Brønnøysundregistra kunne gjere tilgjengeleg utan å kome i konflikt med gebyrføresegner eller krav om inntening.

Datasettet frå Einingsregisteret gir blant anna oversikt over kopling mellom organisasjonsnummer, namn og organisasjonsform for nesten 950 000 registrerte einingar.

Spent på bruken
– Vi ser for oss at desse opplysningane for eksempel kan brukast til vask av adresser i databasar, til å lage oversikter over næringsdrivande i geografiske område eller til førehandsutfylling av informasjon ved nettbestillingar. Men vi er spente på å sjå kva brukarar av opne data kan få ut av datasettet, sa direktør Erik Fossum.

– Vi er klare over at datasettet ikkje inneheld alle data som potensielle brukarar kunne ønskje seg, men som ledd i arbeidet med tilgjengeleggjering av opne offentlege data, synest vi det er viktig å gjere det vi kan tilgjengeleg.

– Dette er ei byrjing. Ut frå bruken av datasettet og dei tilbakemeldingane vi får, må vi sjå nærmare på kva som vidare kan bli mogeleg, sa Fossum.
 
Datasett frå Einingsregisteret på data.norge.no

Om Difi sitt datahotell

 

 

Stor pågang for Altinn

20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.

Hjelp til etablerarar

«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.

Altinn skaper verdiar

Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.

Forenklingar gir fleire AS og færre NUF

I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.

Fleire opplysningar tilgjengelege

Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.

Du kan melde meir på nettet

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.

Bank og finans set fart i digitaliseringa

Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.

Norden samla i Brønnøysund

I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera. 

Statsråden kom med bod om nybygg

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.
Brønnøysundregistra
tracking