Statsråden kom med bod om nybygg

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.
Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013


Statsråd Trond Giske (t.v.) gratulerer avtroppande direktør Erik Fossum med vedtaket om nytt registerbygg.

- Eg gratulerer Brønnøysundregistra og alle dei tilsette. Det er organisasjonen sin kvalitet, leveranse og soliditet som er det viktigaste grunnlaget for regjeringa si avgjerd om nybygg, sa nærings- og handelsministeren blant anna.

- Brønnøysundregistra og plasseringa dykkar har vore svært vellukka. De er eit godt eksempel på at det går an å leggje viktige statlege oppgåver andre stader enn i hovudstadsregionen, at det er fullt mogeleg å finne kompetent og stabil arbeidskraft, dyktige menneske til å drifte ei omfattande og viktig verksemd også andre og mindre stader i landet, sa Giske.

Alt i alt vil eit nytt registerbygg koste om lag ein milliard kroner. For 2013 er det løyvt 20 millionar kroner til utgreiingsprosessen, der det blant anna skal takast stilling til kor det framtidige registerbygget skal liggje. Statsbygg overtok ved utgangen av 2012 eigarskapet til byggprosjektet, i nært samarbeid med Brønnøysundregistra og Brønnøy kommune.

 

Stor pågang for Altinn

20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.

Hjelp til etablerarar

«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.

Altinn skaper verdiar

Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.

Forenklingar gir fleire AS og færre NUF

I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.

Fleire opplysningar tilgjengelege

Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.

Du kan melde meir på nettet

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.

Opne data om ein million einingar

– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.

Bank og finans set fart i digitaliseringa

Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.

Norden samla i Brønnøysund

I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera. 

Brønnøysundregistra
tracking