Stor pågang for Altinn

20. mars 2012 vart sjølvmeldinga lansert i Altinn. Plakatar om kø, og ein synleg meldingsboks ga store overskrifter og mange endringar for Altinn-plattforma.

Publisert 21.03.2013, oppdatert 21.03.2013

Då sjølvmeldinga låg klar for lønnstakarane i mars 2012 møtte mange ein plakat som varsla kø. Sidene var ikkje nede. Fleire tusen lønnstakarar var på same tid inne i løysinga, medan andre vart varsla om å forsøke på nytt seinare.

Media greip tak i saka, og kunne same kveld melde om nok ei hending knytt til Altinn.  Fleire personer logga seg inn på sin profil, men fekk opna profilen til ein Oslo-mann i staden. Dei kunne lese namn og personnummer til to personer, noko som gjorde at Altinn-plattforma vart stengd og ikkje opna før to og eit halv døgn seinare.

-    Dette, som har vore omtalt som Kenneth-saka, er eit brot på sikkerheita med avgrensa konsekvensar. Dei attomliggjande tryggleiksrutinane virka, og etter vår meining var det ryddig å varsle oss i Datatilsynet og stenge plattforma, i vente på ein avklaring, seier Helge Veum, avdelingsdirektør i tilsyns- og sikkerhetsavdelingen i Datatilsynet.

Ein analyse syner at ingen var logga inn som Oslo-mannen. Det var feil i ein datakomponent som gjorde at framsida til meldingsboksen kom opp.

AUtklipp frå Teknisk Ukebladltinn sette etter dette i verk tiltak for å hindre både kø og at noko liknande skal skje igjen. Blant anna kom nye, kraftigare servere på plass, det vart gjort jamlege testar av tryggleiken i løysinga og i desember var ende-til-ende-kryptering for skjema og tenester med sensitiv informasjon lansert.

 

 

Mediainteresse: Her er eit døme på kva media rapporterte etter hendinga 20. mars 2012. Dette er henta frå Teknisk Ukeblad si nettside.

 

Hjelp til etablerarar

«Starte og drive bedrift»-sidene i Altinn hadde 3,9 millionar sidevisningar i 2012, og mange vil vite korleis dei skal drifte føretaket sitt.

Altinn skaper verdiar

Både i næringslivet og det offentlege har bruken av elektroniske skjema og tenester ført til store innsparingar, og Altinn er knutepunktet.

Forenklingar gir fleire AS og færre NUF

I 2012 blei det registrert 57,5 prosent fleire AS i Føretaksregisteret enn i 2011. Samtidig blei talet på nyregistrerte NUF (norskregistrerte utanlandske føretak) halvert.

Fleire opplysningar tilgjengelege

Kven sit i styret i velforeininga i nabolaget ditt? Kven er rekneskapsførar og revisor? Mange nye opplysningar finn du no hos oss.

Du kan melde meir på nettet

Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire digitale tenester som gjer kvardagen lettare for brukarane. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på nettet.

Opne data om ein million einingar

– At Noreg gjer grunnleggjande opplysningar om føretak og einingar tilgjengelege som opne data, er eit fantastisk første steg. Det viser at ein forstår verdien av å gjere informasjon tilgjengeleg og brukbar for utviklarar og for samfunnet elles, sa direktør Chris Taggart i OpenCorporates då vi gjorde nær ein million einingar frå Einingsregisteret tilgjengelege for vidarebruk.

Bank og finans set fart i digitaliseringa

Auka bruk av elektronisk signering i bank- og finanssektoren aukar tempoet i den elektroniske løypa ved Lausøyreregisteret.

Norden samla i Brønnøysund

I september arrangerte Brønnøysundregistra Nordisk eForvaltningskonferanse. Dette er ei årleg hending, og i år var det Noreg sin tur til å arrangera. 

Statsråden kom med bod om nybygg

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Brønnøysundregistra i september 2012, og kunngjorde regjeringa sitt vedtak om nytt registerbygg.
Brønnøysundregistra
tracking