Brønnøysundregistra legg grunnlaget for auka verdiskaping

Publisert 21.03.2013, oppdatert 22.03.2013

altAktiviteten ved Brønnøysundregistra har vore høg også i 2012. Det er positivt at utviklinga i talet på elektroniske innsendingar har auka. Brønnøysundregistra skal vere ei godt synleg og tilgjengeleg verksemd for næringslivet. Derfor er det viktig at etaten arbeider vidare for å leggje til rette for at dialogen med brukarane kan skje digitalt. Då blir Brønnøysundregistra meir opne og tilgjengelege for både næringslivet og innbyggjarane.

Regjeringa sine forenklingsmål er ei stor satsing til beste for det norske næringslivet. Brønnøysundregistra skal vere i front når det gjeld kompetanse om forenkling i forvaltninga. Brønnøysundregistra skal aktivt initiere, samordne og følgje opp forenklingstiltak på tvers av norsk forvaltning som aktivt støttar opp under regjeringa sitt forenklingsarbeid.

Dei tilsette i Brønnøysundregistra har over mange år hatt ein arbeidssituasjon prega av plassmangel, med lokale som ikkje oppfyller dagens krav til ein moderne arbeidsplass. Dette såg eg ved sjølvsyn då eg gjesta Brønnøysundregistra i haust. Regjeringa si avgjerd om at Brønnøysundregistra skal få nytt bygg, i eller utanfor sentrum av Brønnøysund, tok byggjesaka eit viktig og stort skritt vidare. Det nye bygget til Brønnøysundregistra må vere funksjonelt og ha høg teknisk kvalitet. Heile verksemda skal vere samlokalisert. Bygget skal fremje samarbeid, kreativitet og eit attraktivt arbeidsmiljø.

Altinn har i året som gjekk fått mykje merksemd. Mykje positiv merksemd har vore retta mot at det blir utvikla stadig nye tenester som blir kopla på den nye plattforma. For kvar teneste som blir teken i bruk,  blir det spart ressursar som blir frigjorde til annan verdiskapande aktivitet. Dessverre blei det også i 2012 uønskt merksemd omkring utlegginga av sjølvmeldinga. Eg vil nytte høvet til likevel å rose den innsatsen som blei gjord då denne hendinga inntrefte, og for å kome til botns i årsaka til det som skjedde.

Brønnøysundregistra vil stå overfor mange viktige oppgåver også i året som kjem. Eg kjenner likevel Brønnøysundregistra som ein organisasjon med høg kompetanse og omstillingsevne. Det gjer organisasjonen godt rusta til å løyse oppgåvene.


Trond Giske
statsråd, Nærings- og handelsdepartementet

Brønnøysundregistra
tracking