I 2012 var det over 175 millionar oppslag mot tenestene våre på brreg.no.
Stadig fleire reserverer seg mot direkte adressert reklame og telefonsal.
I fjor utførte Lausøyreregisteret nær 480 000 tinglysingar, ein auke på vel seks prosent i høve til året før.
Innan årsskiftet hadde rundt 48 000 aksjeselskap nytta seg av høvet til å velje bort revisjon av årsrekneskapen for 2011. Brønnøysundregistra behandla over 30 000 slike saker i løpet av dei to siste månadene i 2011.
Samordninga av informasjonsportalar i Altinn har vore vellukka. Sidene som gir hjelp og rettleiing til små og mellomstore bedrifter blir brukt av langt fleire etter at dei blei samla i seksjonen «Starte og drive bedrift» på altinn.no.
På grunn av ein feil opplevde brukarar å sjå eit skjermbilete som tilhøyrde ein annan person enn seg sjølv.
Brønnøysundregistra tilbyr stadig fleire elektroniske tenester som gjer kvardagen lettare for deg som brukar. No kan du gjere fleire endringar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap gjennom Altinn.
Rekneskapsregisteret slutta å sende vedtak om godkjend årsrekneskap per post til einingar som har levert årsrekneskapen via Altinn. Frå no av blir breva sende til meldingsboksen i Altinn.
Den offentlege telefontenesta «Narviktelefonene» endra frå 1. juni namn til «Bedriftsrettleiing». Telefonnummeret blir behalde: 800 33 840. Telefontenesta er eit supplement til nettenesta Altinn/Starte og drive bedrift. Målet med tenesta er å gjere det enklare å starte og drive bedrift i Noreg.
Hos Brønnøysundregistra kan du no bestille oversikt over roller som personar tidlegare har hatt i næringslivet. Det betyr blant anna større openheit rundt tidlegare leiar- og styreroller i næringslivet.
Brukarinvolvering var det sentrale temaet under Brønnøysundregistra sitt brukarforum 19. og 20. juni. På bakgrunn av vårens utfordringar i Altinn var det naturleg at fleire av brukarrepresentantane hadde spørsmål til brukarinvolveringa i Altinn. Fleire av dei største brukargruppene var representerte, og dei kom med tydelege tilbakemeldingar frå medlemene sine.