Vi løyser oppgåvene

Publisert 21.03.2013, oppdatert 10.06.2013

Ved å sørgje for orden, forenkling og digitalisering blir næringslivet og innbyggjarane sin kontakt med det offentlege enklare. Brønnøysundregistra sine oppgåver er eit viktig bidrag til verdiskapinga i Noreg.

Næringsliv, styresmakter og innbyggjarar er avhengige av å samhandle kvar einaste dag. For at dette skal kunne skje på ein trygg og effektiv måte, må det finnast oversikt over - og openheit om - kven som forpliktar seg til kva. Brønnøysundregistra sikrar at rettar og ansvar er klart definerte, og at denne informasjonen er enkelt tilgjengeleg for alle på nett.

Den elektroniske innrapporteringa frå næringslivet aukar jamt og 70 prosent av all innrapportering skjer no elektronisk. Det same gjeld for uthenting av informasjon, kor det i 2012 var ein auke på 40 prosent, til 180 millionar oppslag.

Resultatet av regjeringa si endring i aksjelov og reduserte krav til bruk av revisor har gitt høg aktivitet ved Brønnøysundregistra. Det har vore ein sterk auke i talet på aksjeselskap og stor nedgang i registrering av norske avdelingar av utanlandske føretak. Dette har gjort det enklare for næringslivet både å starte og drive bedrift. Forenklingsarbeidet ved Brønnøysundregistra blir prioritert høgt, og det er i løpet av året skilt ut ei eiga forenklingseining for å reindyrke og styrkje dette arbeidet. 

Regjeringa lanserte i 2012 digitaliseringsprogrammet sitt. I dette programmet har Brønnøysundregistra viktige roller både som forvaltar av Einingsregisteret og Altinn, saman med alle dei andre digitale tenestene som blir leverte av Brønnøysundregistra. Stadig meir data blir lettare tilgjengeleg på nettenestene våre og som opne data på www.data.norge.no.

Altinn er ei av dei mest avanserte e-forvaltningsløysingane i verda, og har vore ein suksess som har spart samfunnet for store summar. Kor viktig Altinn er blitt for samfunnet blei tydeleggjort under utlegginga av sjølvmeldinga i mars. Feil i Altinn bidrog til at vi av tryggleiksomsyn valde å ta ned løysinga. Det bidrog dessverre til at profesjonelle brukarar som rekneskapsførarar og revisorar som bruker Altinn kvar dag, ikkje fekk utført oppgåvene sine. Samtidig som at dei som ville sjå det førebelse skatteoppgjeret måtte vente.

Feilen i Altinn blei raskt retta og løysinga grundig kvalitetssikra. Auka løyving i revidert nasjonalbudsjett 2012 og ein vesentleg budsjettauke i 2013 har gjort oss i stand til å gjennomføre fleire tekniske oppgraderingar for å oppnå betre stabilitet og kapasitet i Altinn-løysinga. Og vi har i enda større grad kunna leggje til rette for gode test- og kvalitetsrutinar. Parallelt med dette har vi kome langt i arbeidet med å styrkje Altinn-organisasjonen gjennom ein organisasjonsutviklingsprosess og vi har fått tilført ytterlegare kompetanse.

Det er i løpet av året sett i drift 60 nye tenester i Altinn i tillegg til vesentlege endringar i mange av dei noverande tenestene. Brønnøysundregistra som tenesteeigar har sett i drift ei løysing for elektronisk tinglysing av salspant i motorvogn, og ved årsskiftet blei ei ny løysing for behandling av konkursbu lansert. Dette er den fyrste samhandlingstenesta i Altinn og består av 32 ulike tenester.

Under Nærings- og handelsminister Trond Giske si gjesting ved Brønnøysundregistra i september mottok vi ei gladmelding; Beslutning om igangsetjing av arbeid med nytt bygg for Brønnøysundregistra med tilhøyrande løyving til Statsbygg for å drive arbeidet. Arbeidet med å få på plass eit meir fleksibelt og moderne bygg blir viktig i tida som kjem.

2012 har også vore eit vegskilje i historia til Brønnøysundregistra ved at Erik Fossum har gått av etter 18 år som direktør. Den posisjonen Brønnøysundregistra har i dag skuldast ikkje minst det glødande engasjementet og den utrøyttelege innsatsen hans.

Brønnøysundregistra er i år 25 år. Det har vore 25 år med orden, forenkling og digitalisering som viktige oppgåver. Vi gler oss til jubileumsmarkeringa til våren.

Håkon Olderbakk
Fungerande d
irektør

Brønnøysundregistra
tracking